Brighton til Tysnesfest
30/4/2012 19:52
Bandet spelar ein fengande form for indiepop med utgangspunkt i historiske og forteljande tekstar. Lydbildet hentar referansar frå internasjonale storheitar innanfor pop, indie- og electronica, og strekkjer seg frå det skjøre til det stormannsgale.
Bandet si låt “St. James Society” blei blant fem av 13 000 låtar som nådde Urørtfinalen 2011, og bandet var ein favoritt blant Urørtredaksjonen gjennom 2010/11. Dette førte blant anna til tung rotasjon på P3, noko som sette dei i søkelyset i forkant av By:Larm 2011. Brighton blir stadig meir kjent for sitt energiske uttrykk på scenen, sin særeigne stil og sine kreative videoar fra kvardagslivet. Bandet debuterte med EPen “Conquistador EP” i februar 2011, leda fram av ein tittellåt som kombinerer pompøse arenariff med umiddelbare melodiar og dansbare rytmar.
Brighton har brukt det siste året på å skrive låtar og ferdigstille debut-album sitt, som vert give ut i månadsskiftet april/mai. Albumet blir co-produsert og mixa av Tom McFall, som tidligare har jobba med suksessar som REM, Editors, Snow Patrol og norske Team Me. Bandet gledar seg til å vise resultatet til verda, og leggje ut på vegen med sitt splitter nye liveshow!