Vil ikkje ha bru

Publisert av:
18/4/2012 17:41

Ba skriv at Marinen vil stoppa bru-planane over Bjørnefjord i samband med ein ferjefri kyststamveg.

Grunnen til at Marinen ikkje vil ha bru mellom Reksteren og Os er at dei brukar Bjørnefjorden mykje til øvelsar.

Stortingsrepresentant Arne Sortevik (Frp) meiner Marinen kan finna ein annan fjord å øva. Han meiner Vestlandet har så mange andre fjordar at det ikkje burde vera eit stort problem for Marinen å finna seg andre områder til øvelsane sine.