Cir.Quz til Tysnesfest
2/4/2012 06:14
Låta har dessutan blitt streama over 3,5 millionar gongar på Spotify og Wimp. Deira nye singel ’’Diva’’ har solgt til gull og blitt streama over 1,5 millionar gongar.
I tillegg til å levere to hitsinglar, har Cir.Cuz opparbeidd seg ein stor fanskare og eit rykte for å kjøra konsertane sine til det ytterste for publikum!
Norges nye popgruppe Cir.Cuz har hatt ein eksplosiv suksess med sin debut-singel som pr. no har solgt over 40.000 downloads! Låta har hatt høg rotasjon hos ei rekke radiostasjonar, deriblant NRJ, The Voice, NRK mP3, Radio 1 og The Beat.
I tillegg har låta over 3,5 millioner streams på Spotify og WiMP, og snart har 3 millionar menneske høyrt låta «Radio» på Youtube!
Etter den enorme suksessen med ”Radio” er Cir.Cuz no aktuelle med den nye singlen ”DIVA”, ein uptempo poplåt med eit uimotståeleg refreng.
Cir.Cuz er ute med debutalbumet sitt ”Alt i sin tid”. Albumet består av 12 fengande poplåtar, som innanfor sitt segment framstår som svært solide. Sjangermessig spenner låtmaterialet seg over radiovennleg pop, dansbar klubbmusikk, men også nokon rolegare og stemningsfulle låtar.
I løpet av tida på topplistene, har Cir.Cruz opparbeidd seg ein stor fanskare, samt eit rykte for å levere forrykande konsertopplevingar. I tida framover er dei booka til ei rekke spelejobbar i heile landet, og i sommer sto dei blant anna på scenen foran nærmare 100.000 mennesker då VG Lista arrangerte sitt årlege show på Rådhusplassen. Bandet har også vore synleg i media, og har den siste tida gjort ei rekke tv-opptredener, presse- og radiointervju. Cir.Cruz er for tida svært populære og har på få månader spelt over 50 konsertar.
Cir.Cuz består av M.A.T.Z. alias Mats (23) frå Sarpsborg og Lex Press alias Thomas (20) frå Skien. Med sin første platekontrakt i boks, går dei i fotspora til sine nye label-kameratar Madcon, Paperboys, Lars Vaular og Karpe Diem.