Publisert av:
31/3/2012 06:03
Grandma’s Tea Party
Ein gjeng ein vart svært oppglødd over, og som det er ei glede å ynskja velkomen til årets TF-festival er “Grandma’s Tea Party”. Ein gjeng på seks gutar fra Bergen som spelar indie-rock som kan gli rett inn på spelelista til kven som helst denne sommarferien.
For snart ein månad sidan slapp dei låta “A Wiseman Told Me”, ein herleg låt i grenselandet mellom indie-rock og indie-pop. Dette er dansbar rock i same gate som “Two Door Cinema Club”.
Dei vann fram i konkurranse med 400 andre band om spelejobb på Hove til sommaren.