Takka med song
21/3/2012 07:51
Det er NRK Sogn og Fjordane som skriv at Erling Hauge Hansen var så nøgd med den doble kneoperasjonen han fekk utført på Lærdal sjukehus, at han rett og slett laga ein song for å takka kirurg Truls Jellestad & Co.
Han synest dei fortente ein takk, fordi operasjonen var vellukka og alle tilsette var hyggjelege og imøtekomande.
Kirurgen er både rørt og glad over den noko spesielle takka frå tysnesingen.
– Dette var kjempeartig og veldig, veldig hyggjeleg. Mange pasientar er takksame og gir uttrykk for det, men å gå til det skritt å lage ein eigen song, det er klart slikt gjer inntrykk, seier Jellestad, som er imponert over at Hauge Hansen har laga ein så flott song.
– Det er ein veldig god song og han tek for seg alle fasane i det å vere pasient. Svært dyktig laga, seier Jellestad til NRK.
Les heile saka her og kor du også kan høyra songen.