Pelle Politibil til Tysnesfest
27/2/2012 08:03
Pelle Politibil har 25 års jubileum i 2012. Då er det 25 år sidan Pelle Politibil for første gong blei avslørt i all offentligheit. Den gong i ”Barnetimen for de minste” i NRK Radio. Og gudmora var Eli Rygg som døypte Pelle i raudbrus.
Sidan den gong har Pelle vore allemannseige, gitt ut plater, vore barne TV-serie på NRK, spela inn to filmar, og med den tredje filmen på veg.
No skal Pelle ut i full størrelse og elektrisk utgåve på turné med ein helt ny førestelling!
Bodil Borgermester har nettopp varsla om fleire tjuveri i byen. Presten sin gitar og Politimesteren sitt festantrekk er noko av det som har blitt stjåle. No er det opp til Politimesteren, onkel Richard og Stina student å oppklare kven som står bak tjuveria. Det er viktig at dette blir oppklart før den store Byfesten!
Politimesteren sender onkel Richard og Stina student ut på patrulje for å leite etter tjuven, men dei har ikkje nokon politibil. Stina nektar å bli med før onkel Richard skaffar ein ordentleg politibil.
Kan Pelle Politibil komme dei til unnsetning, og finn dei tjuven?