Orbo & The Longshots til Tysnesfest
24/2/2012 07:24
Etter nærmast eit folkekrav er dei no klar for Tysnesfest igjen. Dei kjem til å stille med “full” blåserekke.
ORBO & The Longshots blei etablert i 2000. Dei vann Spellemannspris i 2008 for albumet “High Roller”.
ORBO er initialane til Ole Reinert Berg-Olsen, og med seg på scenen har han Ine Tumyr, Reidar Opdal, Paul Inge Vikingstad og Stian Tumyr. Saman utgjer dei eit av Norges mest hardtarbeidande liveband.
Etter 12 år med endelaus bilkøyring, våt asfalt, og bandbil på høg oktan, har bandet lært seg handtverket frå grunnen av.
ORBO & The Longshots har spelt inn platene sine i det ville vesten, frå Hardangervidda til legendariske Sun Studio i Memphis. Etter snart 1000 konsertar har dei blant anna varma opp for Lynyrd Skynyrd, Little Feat, The Fabulous Thunderbirds og gjort duett med Delbert McClinton.
Dei har òg blitt booka direkte av Eric Cantona til å åpne VM i Strandfotball i Marseilles, Frankrike. I tillegg er The Heartbreakers på lista over fans.
I 2011 kom albumet ”Prairie Sun” og bandet vart belønna med både 5 og 6 på terningen.
”Prairie Sun” kom ut i USA 1. januar 2012 og blir spelt på dei amerikanske radiostasjonane.
Februar 2012 var bandet på ein 10 dagars turnè i USA, og i mai/juni er bandet tilbake i USA for ny turnè.
ORBO / lead vocals / guitars
Ine Tumyr / vocals / percussion
Reidar Opdal / vocals / piano
Paul Inge Vikingstad / bass
Stian Tumyr / drums