Publisert av:
11/2/2012 22:09
1.plass til Tysnes musikklag
Hordaland dominerte i toppen av Brass-NM som vart arrangert i Grieghallen i dag. Tre Hordalandskorps kom på dei tre første plassane i 4. divisjon.
Tysnes Musikklag kom på førsteplass med 95 poeng. Andreplassen gjekk til Hordvik Musikklag, mens Lyshornet Brass tok 3.plassen eit poeng bak.
I Elitedivisjonen vann Eikanger-Bjørsvik, i 1.divisjon Tertnes Brass, i 2.divisjon Askøy Brass Band og i 3.divisjon Flesland Musikklag.
5.divisjon var ny av året og her vann Bertnes Brass frå Nordland.