Knyt slipset

Publisert av:
5/2/2012 19:37

I BT Magasinet for veke 5 som var med i laurdagens Bergens Tidende avis, hadde dei ein artikkel om TV2 sin nye kvardag.

Mellom anna følgde BT sin journalist nyhendedesken til TV2 og nyhendeandker Sturla Dyregrov.

På eit av bileta i til artikkelen drog me kjensel på ein utflytta tysnesing. For Sturla Dyregrov treng nemleg eksperthjelp til å knyta slips, og den som hjelper han med det er Ivar Dalland. Etter 12 år på skjermen kan den profilerte TV2-profilen framleis ikkje knyta slipsknute, og kollega Dalland lyt hjelpa til.