I fjellveggen

Publisert av:
13/1/2012 19:39

Bt.no melder at politiet fekk melding kl. 18.52 om at ein bil hadde køyrt i fjellveggen ved Flatråker.

Ei kvinne i 30-åra og ei jente på 10 år vart teken hand om av lege. Begge vart så sendt med Luftambulansen til Haukeland universitetssjukehus som melder at jenta kom uskadd frå hendinga, medan mora vart lettare skadd. 

Det vert meldt om svært glatte vegar på Tysnes fredag kveld. Vegen mellom Uggdal og Hodnanes vart midlertidig stengt som følge av bilulukka.