Ingen trafikklys

Publisert av:
19/12/2011 19:17

Grunna mange uhell og stans i trafikken i Holmalio, særleg som følge av vogntog som set seg fast, har ein vurdert å ha vegstrekkja regulert med trafikklys i vinterperioden.

Kommunen og vegvesenet har drøfta tiltaket, men er no komne fram til at trafikklys ikkje er ei optimal løysing.

No vil dei gå for betre skilting og informasjon, mellom anna om bruk av kjetting, melder Sunnhordland.