Besøk frå Vennebyen

Publisert av:
18/12/2011 15:58

Dei kjende dyra frå barne-TV var invitert under søndagsope i Våge. Sjølv om dyra var mykje større i levande live enn inni TV-skjermen, var dei ikkje skumle i det heile tatt!

Mange born møtte fram for å møta dei tre dyra frå Vennebyen. I lag med Apa, Ted og Elfi dansa borna, slo floke, peika og song saman med dei.

Og aller mest populært var det at dei fekk gje klem og gje high-five til TV-figurane, og mogleik å få tatt bilete saman med dei.