Mykje fint

Publisert av:
26/11/2011 16:18

Julemessa i ungdomshuset i Lunde går over to dagar denne helga.

– Det var bra besøk første på dagen etter opninga, og salet gjekk bra, fortel Anne Marie Malkenes til Tysnesingen. Ho er ei av dei 7-8 utstillarane på messa.

Initiativtakar frå ungdomslaget, Malin Tvedt Peterson, var også nøgd med oppmøtet, og vonar på god oppslutnad på dag to også.

Vil du pynta til jul eller er på jakt etter ein julapresang eller eit spesielt julakort, har du høve også i morgon å sjå det som er stillt ut.

Søndag er messa ope kl. 13-17.