Publisert av:
11/11/2011 07:47
Frå sau til mat og ullprodukt
Det var Willy Eide og Torbjørn Sunde som viste korleis dei flådde eit lam, tok ut innvollar og parterte. Elevane fekk sjå svangen, “pinnekjøtet”, kotelettane, bogen og låret. Både elevar og lærarar følgde spent med.
På programmet til elevane stod også får-i-kål og toving av sitjeunderlag. Her var Monica Utne hyrt inn som ekspert, og elevane var ivrige i arbeidet med å tova.
Til slutt var det får-i-kål og frukt til alle.