Kretsmesterskap i Dressur, Alvøen-Bergen
31/10/2011 14:02
Frå Tysnes Hestesportslag var det Kristi Sandvik Pedersen som på førehand hadde greid å kvalifisere seg til mesterskapet. Laurdag reid ho to klassar. Først starta ho LC 2 (Distrikts-stevne). Kristi og ponnien, Lilla My, fekk til det meste av det dei hadde øvd på, og vart belønna med ein fin 3.pl og 65,2 %. Ikkje fritt for at jubelen stod i taket!! J
Kristi var skikkelig ”på hugget” då ho skulle ri neste klasse LC 2 (KM- ponni). Ho vart nok litt for ivrig, noko som resulterte i litt ”smårusk” i første del av programmet, men siste del gjekk veldig fint og var prega av godt samspel mellom Kristi og Lilla My. Her enda ho opp på ein 5. pl ( 58,7%).
Søndag var det klart for 2. avd KM-ponni (LC 2) Programmet til Kristi og Lilla My var jevnt og fint gjennomført, noko som førte til 63.3% og samanlagt 4.plass i kretsmesterskapet. Det var ei trøytt, men glad jente som reiste heim etter ei veldig kjekk og spanande helg i Alvøen.
KM-Ponni vart vunne av Ruth Dyngeland frå Meland Rideklubb.