“Steinhardt” på biblioteket

Publisert av:
31/10/2011 13:59

I året 1900 vart det funne ein spydspiss av flint i Kalvavikjo på Onarheim. Fagfolk har slege fast at flintspissen er frå yngre steinalder (4000-1800 f. Kr.), så den kan ha lege i jorda i om lag 3-4000 år.

Denne og andre gjenstandar frå steinalderen kan du no sjå og lesa om på utstillinga som Olav Skjellevik har laga i stand. Flint er heller sjeldan vare på våre kantar, men i monteren finn me forutan flintspissen også nokre andre flintsteinar, både frå Tysnes og Danmark.

Olav Skjellevik har laga til plansjar som fortel om steinalderen på Tysnes – og har også fabulert litt kring emnet.

Utstillinga vert ståande ei tid framover.