Publisert av:
22/10/2011 18:37
Delfin ved Malkenes
Det var rundt klokka fem om ettermiddagen at den flotte luftakrobatikken fann stad. Den leikne delfinen var for det meste under vatn, men slengte seg høgt i lufta med jamne mellomrom, før den etter ei stund ikkje var å sjå meir.
Nøyaktig artsbestemmelse er litt vanskeleg på grunnlag av avstanden og biletekvaliteten, men med alle forbehold så kan det sjå ut som at det var ein Gulflankedelfin som “forvilla” seg inn i Bjørnefjorden i dag!
————–
– Eg har sett delfinen leika seg i Lukksund frå midt i september og like til no. Den har svømt rundt båten når eg har fiska. Det virker som den er åleine, og tar luftige hopp gang på gang, fortel Steinar Hjartåker til Tysnesingen.