Eit samlingspunkt for dei som ønskjer det
19/10/2011 20:11
Å kunna prata, diskutera, gleda seg og krangla over eit tema som ein brenn for. Kunne dela tankar og idear med dei som finn gleda i gamle antikviteter eller nymotens duppedittar.
Me på Mandelhuset ønskjer at verda skal vera slik at me skal kunne samlast rundt eit bord saman med naboar, familie eller ukjente til ein kopp kaffi eller noko godt i glaset, medan ein funderar på korleis hjulet roterar.
For å komma til poenget vil me ønskje alle, ein og ein kvar, til å ta i bruk Mandelhuset som den møteplassen den bør ver i eit lite lokalsamfunn. Har du eller de ein syklubb, strikkeklubb, eit jaktlag, sigarklubb, har du lyst å diskutera båtbygging, toving, skiturar, kunst, mat, lubbesild, musikk eller berre helsa på vennen du har på facebook i levande livet? Kvifor ikkje gjer det på Mandelhuset? Me held ope kvar torsdag som ein dag for klubbvirksomheit (utan for mykje trykk på klubb) og møtestad for fellesskap.
La det bli litt liv og stemning i haustmørket, me er her for dykk.
I måro (Torsdag) blir det “spelekveld” hjå oss, me har litt forskjellig brettspel og kortstokkar, men om du ønskjer å samla gjengen og ta med spel frå heimen går det og heilt fint! Så då pratast me i måro, me er ope til kl 24:00, og det blir me kvar torsdag framover, kjøkenet er som vanleg ope til kl 21:00.
Helsing alle på Mandelhuset.