Publisert av:
12/10/2011 20:30
Innbrot hos Sporten
– Dette har vore ein tung dag for oss, seier Ingrid Stue til Tysnesingen. Ho og dei andre tilsette hos Sporten fekk seg ein støkk då dei kom på jobb i dag.
Vindauget attmed inngongsdøra var knust og tjuvar hadde vore på besøk. Bergansjakker og bukser, Goretex utstyr og dyre fjellsko var stole pluss det vetle av kontantbeholdning dei hadde i kassen.
– Verdiar for over 50.000 kroner er borte. Dette er svært keisamt for oss og me er ganske oppgitt, seier Stue. I dag har politiet vore og sikra spor, og ho vonar dei slår kloa i kjeltringane.
Til slutt har Stue ei oppmoding: – Får du tilbod om å kjøpa klede og sko privat, håpar eg folk tenkjer seg om! Det kan stamma frå innbrotet på Sporten.