Kunstgrasjobbing i høgt tempo
10/10/2011 19:19
Det har vore stor aktivitet både seint og tidleg ved den nye kunstgrasbanen på Reiso dei siste vekene. Innan fredag denne veka skal alt planeringsarbeidet vera ferdig.
– Måndag 17.oktober vert padden (gummimatte under kunstgraset, red.anm.) lagt og som det tar 4 til 6 dagar å leggja. Deretter skal kunstgraset leggjast opp på, fortel Bjørn Kongsvik i Njardar si banenemnd til Tysnesingen.
Snart ventar han 87 tonn med sand og 3 trailarar frå Finland som skal levera kunstdekket. – Dersom véret er med oss held me ruta, seier Kongsvik. Dei er litt avhengige av nokonlunde bra vér for å få lagt kunstdekket.
– Fram til no har det vore gjort ein kjempeinnsats av alle involverte. Særleg hovudentreprenør Rune’s Maskin skal ha honnør, samt Tysnes Kraftlag og Tiko, seier han.
Litt jobb vert også på dugnad for spelarar og foreldre som er tilknytt klubben i slutten av oktober. Det skal setjast opp gjerde rundt anlegget og måla som skal brukast kjem flatpakka og må skruast saman. Ein kjem tilbake til tidspunkt for dette.
– Eg håpar mange vil stilla på dugnaden for å få sluttført det nye anlegget til klubben, sluttar Bjørn Kongsvik.