Endelig seier for J-12

Publisert av:
6/10/2011 20:44

Men det var ikkje berre sola som varma for trenaren idag, for jentene viste endelig at dei kunne slå pasningar og få til litt samspel. Det ga uttelling. Fleire store sjangsar til Njardar-jentene, og så kom det første målet. Malin Hagen var litt heldig på den, men mål er mål! Os utlikna rett før pause på eit godt angrep, og Malene var sjangselaus i målet.

Andre omgong fortsatte heimelaget presset høgt oppe på banen, og me på sidelinja såg mykje fint spel og stooore sjangsar!! Til slutt kom to scoringar til av Amalie S.Tysnes og Malin Hagen og kampen enda med 3 -1 seier. Etter eindel tap og to uavgjorte kampar, var det kjekt med ein seier. Flott innsats jenter!

Då tar me ein liten fotball-ferie, før me møtes igjen på “nyebanen” Takk for god innsats denne sesongen av både spelarar og foreldre.

Desse har vore med: Malene Tysnes, Ayleen Hagen, Mari-Sofie Frøyseth, Mathilde Fauske, Camilla Helgesen, Nora S.Stien, Malin Bjøntegård, Marita Kjerrgård, Malin Hagen,Amalie Sørfonn Tysnes, Lea-Sofie T.Dalland, Maria Lillesletten og Eline Teigland Bakke.

Marit H Helgesen, Trenar
Ps, beklager den dårlig bilde-kvaliteten…