Berga poeng i sluttminutta

Publisert av:
25/9/2011 18:26

Heimekampen mot Ragnarok på Vassbakken i dag vart ein liten nedtur spelemessing for a-laget i forhold til ein del av dei andre kampane i haust der laget har vore gode.

I dag var det få trekk og det vart slått mykje langt og direkte. Dermed gjekk det for fort framover og ein klarte ikkje å få nok spelarar med i angrep.

Ragnarok tok leiinga midtvegs i kampen og hadde etter det fleire sjansar, men ein svært god Kjartan Hagen i Njardar-målet varta opp med fleire supre redningar og haldt heimelaget inne i kampen.

Det viste seg å bli avgjerande. Tre minutt før slutt utlikna nemleg Njardar. Daniell Hauge Hansen skaut frå 25 meter, keeper gav retur og der var Torstein Flakke frampå og nikka ballen i nota. Det ebba ut uavgjort og sjølv om det ikkje var noko særleg god kamp, skal laget ha ros for at dei sto på til siste fløytesignal.

Desse var med: Kjartan Hagen, Raymond Ebbesvik, Endre Vermedal, Gard Bakke, Morris Skulstad, Torstein Flakke, Aksel Lande, Steffen Opdal, Tommy Hansen, Eivind Skorpen, Remi Khaldi, Ørjan Malkenes, Robert Grønvoll, Fahri Akyuz, Daniell Hauge Hansen.