Slo serieleiaren
24/9/2011 20:14
Det var ein tett og jamn kamp på Reiso i dag då gutar mellom Njardar og Rosendal spela mot kvarandre.
Men Njardar drog det lengstre strået. Dei var kontante i forsvar og svært effektive når sjansen baud seg.
Og dei hadde ein målsnik i Simon Malkenes. Sjølv om han var skada fullførte han kampen og var på rett plass til rett tid ved to høve og gav Njardar 2-0 leiing.
Det tredje kom frå eit langskot av Andreas Langeland. Njardar brente også ein straffe, men sikra sigeren inn med svært god laginnsats.
Det bur ein del i dette laget og held dei rett fokus ut dei siste kampane denne hausten kan det enda med ein svært god sesong for gutane.
Desse var med: Andreas Frøyseth, Rolf Elling Utne, Morris Skulstad, Daniell Hauge Hansen, Henrik Malkenes, Torstein Flakke, Aksel Lande, Andreas Langeland, Ruben S. Lunde, Simon Malkenes, Andreas Bakke, Ørjan Pettersen.