Publisert av:
24/9/2011 20:03
Siger på Askøy
Målsettinga var klar; me skulle gjennomføre ein god kamp og forsøke å etablere bra spel. Siger i kampen vart kun rekna som bonus. Seint ute jogga gutane inn på bane 3 i Askøy Forum topp motiverte. Motstandarane såg overkommelege ut, men ein veit aldri.
Fyrste målet vårt kom ganske kjappt, men Askøy kom godt tilbake, pressa hardt og holdt ei lita leiing då pausesignalet gjekk.
Etter kvila og nokre oppmuntrande ord og litt rettleiing, starta Tysnesgutane eit rush mot Askøymålet. Erik Enes var i toppslag og enda opp med 10 mål med god hjelp frå tøffe medspelarar som spelte han fri eller gav han gode ballar. Fleire andre kom og på skoringslista. Heile laget gjorde ein flott innsats og framgangen er markert frå fjorårssesongen der mykje hår måtte ofrast for at sigeren skulle kome.
Bonusen i form av siger kom. Ein fin kamp enda 10-13, og gutane reiste heim med fornøgde smil rundt munnen.
