Valmøte i Grendatun
5/9/2011 20:30
To personar frå kvart parti stillte til debatt i Grendatun under leiing av ordstyrar Ove Lunde.
Frå partia stillte følgjande (fyrstnemnde er ordførarkandidaten):
Høgre: Bjørn Lande og Tore Atle Humlevik
Arbeidarpartiet: Kjetil Hestad og Ingrid Restad
Senterpartiet: Arne Skutlaberg og Ole Chr. Kjerrgaard
Venstre: Torstein Hatlevik og Arve Belt
Kristeleg folkeparti: Aud Kaldefoss og Lars Enes
Framstegspartiet: John Martin Dale og Ivar Magne Fauskanger
Innleiingsvis fekk kvart parti tre minutt kvar til å snakka om kva dei brenn for. Deretter stillte ordstyraren spørsmålet til partia om kva som er DEN viktigaste saka for dei: For Ap og Frp var det ny sjukeheim, Høgre ville jobba for tiltak for folketalsauke, Venstre og Krf var ganske lik om økonomistyring slik at det sikrar for å få gjennomført skulebruksplanen og ny sjukeheim, medan Sp meinte infrastruktur og samferdsle var viktigast.
Deretter var det ein svært lang debatt angåande skulesaka, både i mellom dei ulike partia, og etterkvart med svar på spørsmål frå salen.
Så var ein innom tema som omhandla opprusting av vegar, korleis ein skal få fleire innbyggjarar, litt næringspolitikk, gravplass-problem, marknadsføring av kommunen, kortid kommuneplanen vil vera klar og politikarforhold. Dette var tema som ein del frå salen ynskte tilbakemelding på frå politikarane.
Valmøtet starta klokka 19 og var ferdig om lag halv ti. Det var fin tone og alle partia fekk ytra det dei hadde på hjarta.