Utvikling av næringsarbeidet i regionen
5/9/2011 13:36
Team Sunnhordland, som er eit nettverk mellom dei som driv med næringsutvikling i regionen, har vore på studietur til Møre og Romsdal for å få informasjon om korleis dei har organisert næringsarbeidet.
I Møre og Romsdal har dei kome svært langt med å få til ”ei dør” for rettleiing av etablerarar gjennom satsinga hoppid.no. Fylkeskommunen som var vertskap hadde lagt opp eit interessant program for dei tre dagane TS var i Molde.
Eit sentralt tema var korleis næringsaktørane har organisert næringsarbeidet gjennom ei felles satsing og fått til ei betre samhandling mellom næringsaktørane, næringshagar, inkubatorar og kunnskapsparkar.
Team Sunnhordland var og på vitjing hjå to ulike hoppid.no kontor og fekk høyra deira eigne erfaringar. I tillegg fekk TS saman med alle Hoppid.no kontaktane i Møre og Romsdal delta på ein ‘Brønnøysund-dag’, der målet var å få meir kunnskap om tenestene i Brønnøysundregistrene.
No vil Team Sunnhordland ta ei drøfting på om, og eventuelt korleis me kan tilpassa erfaringane frå Møre og Romsdal til næringsarbeidet i Sunnhordland.
Med på turen var næringsaktørar frå Bømlo, Etne, Kvinnherad, Sveio, Tysnes, Atheno, Innovasjon Norge og Samarbeidsrådet for Sunnhordland.