Siger til gutelaget

Publisert av:
25/8/2011 19:45

Gutane vann 3-0 over Bømlo på Reiso-graset i kveld. Sigeren burde vore større ut frå at Njardar skapte langt fleire målsjansar enn bømlingane.

Heimelaget tok tidleg leiinga ved Torstein Flakke og utover i 1.omgongen hadde både Simon Malkenes og Alexander Instøy store sjansar utan å omsetja dei til fleire mål.

Etter pause var Njardar framleis det beste laget. 2-0 kom etter eit frispark som Simon Malkenes jobba inn. På slutten klinte Aksel Lande ballen i vinkelen frå skrått hold og pungterte kampen.

Det store spelet uteblei, men Njardar var klart best og bømlingane vart stort sett stoppa før dei kom til 16-meteren.

Desse var med: Andreas Frøyseth, Rolf Elling Utne, Morris Skulstad, Henrik Malkenes, Ruben S. Lunde, Daniell Hauge Hansen, Andreas Langeland, Aksel Lande, Torstein Flakke, Simon Malkenes, Alexander Instøy, Vegard Frøkedal.