Bergen får mest vegmidlar
25/8/2011 19:14
Nationen skriv at over halvparten av samferdslemidlane i Hordaland blir brukt i Bergen. Fleire ordførarar i fylket er lite nøgde, deriblant Tysnes-ordføraren. Han seier heile Hordaland treng samferdsleutbyggjing.
– Det er mykje dårleg veg i Hordaland. Bergen treng midlar for å løyse utfordringane byen har, men det blir for lite pengar til dei andre delane av fylket, seier Hauge til Nationen.
Han seier Tysnes treng midlar til opprusting av vegnettet, det er dårleg asfaltdekke og smalt og svingete. Hauge understrekar at også innbyggjarane i Tysnes vil nyte godt av at samferdsleårene inn til Bergen betrar seg.
– Mange av innbyggjarane våre pendlar til Bergen, og står i kø inn og ut av byen. Difor er eg meir oppteken av at det må tilførast meir pengar til samferdslesektoren, seier Hauge.