Nær ved å synka

Publisert av:
13/8/2011 07:17

Det var fredag ettermiddag at Hovedredningssentralen fekk melding om at ein 17-fots skjærgårdsjeep fekk problem i Onarheimsfjorden.

Redningshelikopter vart sendt, men dette fekk beskjed om å snu før det var komt fram då ein seglbåt kom fram til havaristen, og dernest kom ambulansebåten og tok dei ombord.

Truleg gjekk båten på ei grunne eller vore borti noko nærme land, for båten tok inn mykje vatn. Gutane, som alle hadde redningsvest på, hadde ikkje noko anna enn støvlar å ausa med. Det er ba.no som melder dette.