Slektstreff 5 på Vernøy

Publisert av:
4/8/2011 06:26

Fyrst var det tur til  Russøya for å sjå på klebersteinuttaket der.10 kajakkar,2 robåtar,1 gummibåt ,1 plastbåt og Vernøy 430 SL frakta dei 31 deltakarane . Ei bestemor ramla på sjøen då hu skulle gå om bord i eine kajakken og ein bestefar la på fisketur med barnebarnet før han visste kvar me skulle.Det tok såleis lang tid før feltet var samla alle.

På programet ellers stod grilling,samling av småkrabbar,2 skytekonkurransar og spørjekonkurranse om gamle fiskereiskapar.Her kom  leksikonet i familien på siste plass så det var ein vellukka konkurranse. Det blir vanskeleg å overgå denne samlinga når slektstreff 6 skal arrangerast i Barmen 2012.