Publisert av:
30/7/2011 20:23
Flott konsert
Som ein del av Olsokfeiringa på Onarheim og i samband med at Alsaker Fjordbruk feira 25 års jubileum, var det gratis konsert med Annbjørg Lien og Sondre Bratland i Onarheim kyrkje laurdag kveld.
Folk møtte fram i hopetal og det stod kø heilt frå kyrkjeinngongen til ned i hovudvegen før konserten byrja klokka 19.
Og alle som var til stades fekk ei flott oppleving av dei to artistane. Det var nydelege framføringar. Til ekstranummeret reiste alle dei frammøte i kyrkja seg og tok allsang saman med Bratland som song “Gjev meg handa di”. Ståande applaus fulgte!
Alle foto: Arild Frøyseth.