Kjem godt ut av kommunebørsen

Publisert av:
20/7/2011 18:45

I kommunebørsen til Dagbladet er det gitt terningkast til Tysne i fire kategorier. Og ut frå denne børsen ser det ut til at me har det ganske bra her på Tysnes!

Som nemnt får kommunen terningkast seks for kommunehelsetilbod. Blant dei 427 kommunane i Norge kjem Tysnes på 71.plass.

Tysnes er også ein god plass å jobba og ein god plass å bli gamal. Desse to kategoriane kjem ut med terningkast fem.

I skulen kjem me litt lågare ut på børsen på 162.plass av 427 kommunar og me får ein firar i terningkast.

For meir detaljar om kommunebørsen, klikk her >>>