Fint, men få

Publisert av:
15/7/2011 17:11

Sidan starten for Tysnes Rundt i 1995 har det truleg ikkje vore så få båtar med som i år.

Då dei la i veg frå gamle Årbakka Handelstad klokka halv sju fredag kveld var det berre seksten robåtar me talde opp. Blant desse var det ein del nye som var med for fyrste gong.

Første etappe for roarane på Tysnes Rundt er frå Årbakka til Flakkavågen, der dei overnatter til i morgon tidleg kor då den tøffaste etappen – opp Langenuen – står på planen. Laurdag kveld overnatter dei på Solstråleøya, før dei tar siste turen gjennom Lukksund og tilbake til Årbakka søndag.