Ber unge passa på kvarandre

Publisert av:
13/7/2011 20:23

Agnes Giertsen jobbar som helsesøster i Bergen kommune. Ho var på Tysnesfest og fekk med seg ein del av det som lensmann Lorentz Lunde fortel om til avisa Sunnhordland. Lensmannen fortvilar over unge jenter som var overstadige rusa utanfor festivalområdet i helga.

Giertsen synes også det var altfor mange rusa ungdom å sjå. Ho meiner det er nærliggande å tenkja at dei kan bli utsett for seksuelle overgrep, då ein del av dei er så rusa at dei ikkje kan ta vare på seg sjølve. Dette seier ho til NRK Hordaland.

Rådet hennar til ungdomar er at dei ikkje må vera åleine, og dei må passa på kvarandre viss dei er ute. Å ta i mot drikka eller andre ting frå nokon dei ikkje kjenner må ein også takka nei til, rådar Giertsen, og legg til at rådet til foreldra er at dei må vita kor barna er, og dei må vera gode førebilete.

Les heile saka hos NRK Hordaland her >>>