Publisert av:
9/7/2011 20:17
Haba Tysnes
Ei regnbyge eller tre ser ikkje ut til å skrema folk frå Tysnesfest. Marknadsdagen var heldig då det midt på dagen letta opp og vart fin temperatur.
Mange born stod og venta vel og lenge på MPG vinnar Stella Mwangi. Til slutt kom ho på scena til stor glede for dei mange frammøtte.
Som vanleg var kaien full av boder og stands. Tysnesfest legg vekk på å ha maritimt preg og hamna var full av båtar, nye som gamle. Eit godt utval av veteranbilar stod også ‘laina’ opp.
Lenger inne var tivoliet flittig i bruk og tivoliet er ope til klokka 24 i kveld.
Her nokre bilete frå marknadsdagen: