Heimetap

Publisert av:
19/6/2011 19:24

Njardar fekk ein verst tenkjeleg start då Sleipner gjekk rett frå avspark og scora. Deretter jamna spelet seg ut i løpet av 1.omgongen, men utan at det vart dei heilt store målsjansane og det stod så 0-1 til pausen. Det næraste var eit tverrliggjarskot frå Thomas Hagen.

I 2.omgong hadde Njardar det meste av banespelet, men Sleipner var eit godt besatt lag som holdt unna Njardar sine forsøk.

Kvarteret før slutt vart ein Sleipner-spelar felt inni 16-meteren og 2-0. Like etter kom 3-0 og då var løpet køyrt for dei gulkledde.

Desse var med: Kjartan Hagen, Robert Grønvoll, Eivind Skorpen, Endre Vermedal, Fredrik Winther, Ørjan Malkenes, Aksel Lande, Thomas Hagen, Nils E. Hansen, Tommy Hansen, Remi Khaldi, Arild Storesætre, Roy Inge Korsnes, Morris Skulstad, Gustav Kvamme, Daniell Hauge Hansen, Raymond Epland.