Tysnes jenter 12 – sesongen

Publisert av:
14/6/2011 20:12

Jentene har skora mykje mål og utvikla speleforståelsen og teknikken. Dei har og blitt heilt rå i forsvar. Dei har skora mest mål i pulja si i serien og slept inn minst mål. Dei enda tilslutt på ein 2. plass i pulja si.

Desse har vore med på Jenter 12 i sesongen 10/11: Kristi S. Pedersen streken vår, Nora Kleppe i mål, Eli Enes litt i mål og mest ute på ving og back, Kathrine Folgerø på ving, Ruth Johanne Kongsvik på ving og back, Martine S. Lunde på back og midtback, Ina Borlaug på midtback, strek og ving, Anna Dorthea Espevik på back og strek, Eline T. Bakke på ving. Me er og så heldige at me har fått låna Thea Sløgedal frå jenter 11 på dei fleste av kampane.

Pinsecup
To flotte dagar på Stord der jentene koste seg med mykje handball og ”fjas”. Laurdagen byrja mot Åsane 2 her blei det eit knepent tap, 7-6. Neste kamp var mot Rival, her vant me 13-7. Søndagen byrja tidleg med første kamp kl 08.30. mot Sotra 1 der me tapte knepent igjen 5-4. Neste kamp var mot Mathopen, då fekk me spela inne i nyehallen, og jentene spelte sin beste kamp, der dei vant fortent 8-7. Då kom me til 1/8 finalen der me møtte Åkra 1 der me vant 9-4. Så bar det videre til ¼ finale der me spelte mot Kjøkkelvik og her vant me 4-6. I semifinalen tapte me dessverre 6-7 mot Stord. Me er veldig fornøyde med å komma så langt.

Dei som var med på Pinsecupen var: Nora Kleppe, Eli Enes, Kathrine Folgerø, Ruth Johanne Kongsvik, Martine S. Lunde, Ina Borlaug, Anna Dorthea Espevik, Eline T. Bakke. Me var og så heldige at me fekk låna Thea Sløgedal frå jenter 11 på mange av kampane. Me fekk og låna Amalie Tysnes frå jenter 11 i kampen mot Sotra 1 på grunn av at ei av jentene var sjuk.

Helsing to stolte trenarar som no treng kvile til etter sommaren, då kjem me sterkt tilbake med god hjelp.

Elin og Rita