Dagens bilete

Publisert av:
13/6/2011 14:14

Rune Aarskog jobbar som kaptein på MF Sogn (Fjord1) som trafikkerer Bruravik – Brimnes. Dei har hatt ein solfylt dag i Hardanger og han helsar til Tysnes med eit par bilete frå Hardanger.

– Vegen var stengd i helga pga eit stort steinras like før Eidfjord, men opna igjen i går. Det har difor vore ei rolig pinsehelg på oss, men eg reknar med det vert litt meir trafikk idag i og med vegen har opna igjen og eindel vel RV7 Hardangervidda heim att frå pinseferien. Det bør dei i allefall vurdera, for det er fint å nyte ei nybakt svele og ein kopp kaffi på båtdekket til MF Sogn idag, smiler kapteinen.