Sommarope på biblioteket

Publisert av:
10/6/2011 19:12

Det har vist seg å vera eit populært tilbod for “sommarfolket”, anten dei er hyttefolk, turistar, heimvendt skuleungdom eller fastbuande. Opningstida vert 10-15 alle dagar tys-fre.

Forutan dei ordinære tilboda finn du også lokalaviser og gratis trådlaust internett på biblioteket, anten du vel å ta med din eigen pc eller vil bruka ein av biblioteket sine maskiner.

Biblioteket held ope heile sommaren fram til og med 5. august. Velkomen innom!

Telefon 53 43 02 22