Stiftinga Tysnesfest
24/5/2011 20:35
Stiftinga Tysnesfest har ein grunnkapital på 400 000 kr som er kapital som er tent opp i løp av dei 4 siste festivalane.
Tilsetjing av administrasjonsmedarbeidar
Ragnhild Gjerstad er tilsatt i 30% stillinga som adm. medarbeidar som vart utlyst i vinter. Tysnesfest er veldig glad for at me har fått med oss Ragnhild i festivalarbeidet. Ho er i dag student ved Norges Handelshøyskole og held på med mastergrad i økonomi og administrasjon som vert avslutta til våren.
Ragnhild har tidlegare vore gruppeleiar for losji, og har såleis god kjennskap til Tysnesfest frå før. Tysnesfest har valt å oppretta ei slik 30% stilling for å letta på arbeidet til dei som elles er involvert i festivalen. Me vonar og dette kan vera ei byrjing på ei satsing på kulturbasert næring på Tysnes, samt eit grep som er med å sikrar framtida til festivalen.
Me vil og takka Tysnes Sparebank, Tysnes Kraftlag og Tysnes Kommune som særskilt har bidrege til å finansiera denne stillinga.