Tysnesjenter på sprangstevne i Fusa

Publisert av:
10/5/2011 13:50

Renate Hagen Lunde og Kristi Sandvik Pedersen var begge med i klassane 50 cm Clear Round og 60 cm Clear Round. Både Renate på den nye flotte hesten sin, Marco og Kristi med Little Leo reid feilfritt i fyrste klasse. I klasse 60 cm, klarte Kristi ny feilfri runde. Renate hoppa i ”kampens hete” feil hinder i fyrste hopp, og vart dessverre eliminert. Ho fekk heldigvis prøva seg ein gong til, og denne gongen reid ho feilfritt og med god klaring på alle hinder.

Deretter var det klart for klassen 80cm der Kristi var med. Kristi og Leo hadde eit riv i grunnomgongen, men det holdt til 2. plass .

Mathilde og Gunhild Marie Fauske gjorde kvar sin fine runde i 90 cm – klassen. Gunhild Marie vann klassen og Mathilde slo like godt til med å bli nr to! Flott, jenter..