Publisert av:
2/5/2011 15:20
Nytt liv i Årbakka Handelstad
Anne-Lis og Rune Øvrebotten freistar å blåsa litt liv i butikken ved Årbakkasjødn med å halda ope kvar helg frå 12.00 til 16.00 og selja kaffi, vaflar, brus m.m.
– Me vil også ha ein del husflidsprodukt for sal, m.a. norsk og ungarsk quilting framover til juli med unnatak av 25. og 26. juni, fortel dei to til Tysnesingen.
I juli er det Marion Tviland som tar over. Det blir også kunstutstilling i “Sjøhuset” med bilete av Inger-Johanne Flagtvedt med tema “Maleri frå vestlandet”, Olaug Bjelland Jacobsen med to bilete frå Tysnes, May Lindis Onarheim og Johannes Kretschmer.
Dessutan deltar keramikaren Ragnar Waagbø med det ein kan kalla “Lystig keramikk”.