Seier i nabo-oppgjer

Publisert av:
1/5/2011 06:33

Det var klart for årets første kamp. I likhet med jentelaget, som i vinter har trent sammen med damelaget, var det spennande å sjå om treningsøktene i vinter ville gje resultat. Med storseier til jentene på torsdag, var det idag vår tur til å visa oss fram.

Det var ei nervøs opning, med mykje “spark og spring”. Litt ut i første omgang tok Fitjar ledelsen, men dette tente nok jentene og dei løfta seg nåken hakk. Pasningane sat bedre, og ein fin stikkar fram til Renathe vart plassert sikkert i mål. Dermed sto det 1-1 Etter eindel store sjangsar scora Renathe på ny, og 2-1 ledelse til Njardar. Men like før pause utlikna Fitjar.

Tidlig i andre omgang fekk Njardar straffe, og Marita plasserte den sikkert nede til høgre. Ein fortjent ledelse 3-2. No var Njardar inne i ein fin periode, og slapp ikkje Fitjar mykje til. Me hadde to debutantar med oss idag som spelte glimrande!! Ei av dei var Heidi Hjelland, som også skreiv seg på scoringslista med 2 mål. Den andre var Hanne Storesætre, som var heilt sjef på banen!! (var visst ein liten familie-duell også i kampen som ga ekstra tenning??)

Kampen enda med seier 5-2 til Njardar. Eit fortjent resultat, der Njardar-damene viste vilje og innsats. Det er også fint å sjå at rekruteringa er på gang, med et godt jentelag. Det begynner å bli høg gjennomslittsalder på damelaget, og et par av oss bør vel snart få gå av med pensjon!!! Me har også ledig stilling som trenar for desse kjekke damene…..:-) Berre å ta kontakt!

Desse var med:
Kirsti Sunndal, Kari Lande, Veronica Skaten, Malin Kongsvik, Marita Lie Nesse, Hanne Storesætre, Renathe Hagen, Wibecke Bakkane, Heidi K Hjelland, Victoria Søreide og ass. trenar Marit H Helgesen.

Alle bilete: Åsta Hansen.