Tusse Cup

Publisert av:
1/5/2011 06:26

Leiar Anita Olsen fortel til Tysnesingen at dei har det kjempekjekt på Tusse cup.

Strålande sol og stor stemning. Flott hotel til overnatting.

Gutar 12 begynte dagen kl.0825 med første kamp. Dei var ikkje heilt vakne så det blei tap. Dei hadde to kampar til før klokka var blitt 11. Dei kjempa godt, men det blei tap der og.

Kl. 1505 hadde dei fjerde kamp. Det var ein spennande og jamn kamp med mykje flott spel. Siste kampen var kl. 1705. Då var gutane klar for siger. Dei gjorde ein kjempekamp og vann 9-3. Flott innsats av alle gutane, melder leiar Kristin Kleppe.