Siger for gutane
28/4/2011 20:55
Trass i ein ganske klar siger til Njardar var det ein meir jamn kamp enn det resultatet seier.
Heimelaget starta best på Vassbakken og tok tidleg leiing ved Tommy Gundersen som sprang frå Rosendal-forsvaret og sette ballen enkelt under keeper. Men gjestane svara frå ein corner, før Tommy igjen var på farten, dribla av ein mann og skaut lågt inn med stolperota til 2-1.
3-1 kom ved Alexander Instøy som også med sin voldsomme fart la Rosendølingane bak seg før han sette ballen i nota. 3-1 var og pauseresultat.
Rosendal køyrde på i starten av 2.omgong. Og dei fekk utteljing til 3-2 og kampen stod og vippa ei heil stund. Men ti minutt før slutt scora Alexander direkte frå frispark til 4-2. Like etter heada Torstein Flakke inn til 5-2 og dermed vart det ein klar siger til gultrøyene.
Desse var med: Andreas Frøyseth, Rolf Elling Utne, Markus Ebbesvik, Jon Enes, Ruben S. Lunde, Torstein Flakke, Daniell Hauge Hansen, Morris Skulstad, Aksel Lande, Tommy Gundersen, Alexander Instøy, Vegard Frøkedal, Henrik Malkenes, Simon Malkenes.