Vil til Såto

Publisert av:
26/4/2011 18:20

Har du planar om Såtetur søndag er det store sjansar for at du treff kvinnheringar på toppen. Kvinnherad turlag har nemleg planlagt tur til Tysnessåto.

Dei skildrar Såto på si nettside slik: “Karakteristisk høgsåtefasong og er lett å kjenna att. Turen vår startar frå Solheim i variert terreng frå bjørkeskog til høgfjellsvidde. Utsynet frå toppen er vidt og flott inn og ut fjordar, langt ut i havet og med eit panorama over Kvinnherad.”

Me ynskjer kvinnheringane god tur!