Søndagsope igjen

Publisert av:
17/4/2011 18:37

Bunnpris-butikken i Lunde Senter har halde stengt søndagen i vinter. Men palmesøndag opna dei butikklokala igjen slik at dersom du har gløymt å handla søndagsmiddagen, er tom for brød og liknande, så er det råd å få tak i slike daglegvarer no.

Anna Kvamme i Bunnpris-butikken fortel til Tysnesingen at det hadde vore jamnt bra med kundar i dag og handla. Alle søndagar fram til hausten vil dei ha ope kl. 1100 – 1800.

Butikken vil også halda ope dei raude dagane i påsken. Opningstider som følgjer:

kl. 1200 – 1800 1.påskedag og 2.påskedag
Skjærtorsdag og langfredag stengt.