Klypa kjem tilbake
31/3/2011 05:05
Med si blanding av videosnutter, standup og musikkinnslag har Thomas Ryste og resten av gjengen bak Klypa funne ei suksessoppskrift, som Klypas store fanskare aldri ser ut til å få nok av. Etter 19 månader på turne og 40.000 selde billetter med det tidlegare showet, er Klypagjengen klar med enda meir galskap i “Laaangt over streken!!”.
I det nye Klypa showet får du møte dei faste Klypa karakterane: Den karismatiske bussjåføren Kjell “Kjellen” Bigset, rånaren Palle og Strila-Petter. Denne gongen har Kjellen prøvd seg på campinglivet, Palle gjere sitt beste for å få tilbake sertifikatet han mista, og Strila-Petter har starta som krabbefisker. Tradisjon tru går ikkje dette smertefritt føre seg. Som vanleg er livet og kvardagen ein stor utfordring for karakterane i Klypa.
Klypa kjem til å halda 2 stk førestillingar i bermunda teltet. Tysnesfest er svært nøgde med at Klypa avlyste ferien og tok seg tid til å besøka Tysnesfest med sitt heilt nye show. Billetter kjem for salg.