Familiekveld på Tysnesfest
10/3/2011 05:00
Tysnesfest har som målsetjing å vera ein familiefestival med open aldersgrense på alle arrangement. Me har lagt ned mykje energi i å laga til ein spennande familiekveld torsdag 7. juli. Me er difor veldig nøgd med å kunne presentera følgjande artistar som skal opptre på Gjerstad hovudarena torsdag 7. juli 2011:
-KURT NILSEN
kjem tilbake til Tysnesfest. Han besøkte oss i 2009 i samband med “Hallelujah vol. 2” turnèen, og me ser fram til å få Kurt på scenen igjen. Kurt Nilsen legg i år ut på ein sommarturné for å feire sine 8 år som artist. Kurt Nilsen og hans faste band gjennom dei siste 8 åra er allereie i gang med å setje saman ein konsert som på best mogleg måte skal oppsummera hans 8 år som artist. Kurt Nilsen: ¨Jeg gleder meg sinnsykt til å komme ut på veien, møte fansen og ikke minst synge de låtene som jeg er så glad i. Kanskje kommer det noen nye ting også, jeg lover at dette blir livets konsert!!”
-ERIK OG KRISS
Kjem tilbake til Tysnesfest etter å ha opptredd på marknadscenen i 2009. I år vil dei opna showet på hovudscenen og med fullt band i ryggen og ein vinter der Erik og Kriss har gjennomgåande hatt 2 plasseringar på Vg- lista, samt hatt ei kjempe opptreden på “Korslaget”, så er det verkeleg dagsaktuelle artistar som kjem til Tysnesfest 2011.
-KATZENJAMMER
Består av Anne Marit Bergheim, Marianne Sveen, Solveig Heilo og Turid Jørgensen. Bandet speler ein musikk som er ei blanding av fleire stilartar som pop, rock, country og balkanmusikk. Dei fire medlemmane veksler på kva instrumenter dei speler og har som mål å spele instrument dei ikkje har spelt før.ntent&view=article&id=61&I
. Totalt speler dei over 16 instrument, blant dei uvanlege instrument i bandsammenheng som trekkspel, bassbalalaika, fløyte, ukulele og melodika
Tysnesfest har prøvd å bokka Katzenjammer i årvis og er glad for at me endeleg får denne fantastiske jentegjengen på besøk.