Barnas dag på Solstråleøya fredag 8. juli
24/2/2011 07:05
Dette er eit program sett saman fyrst og fremst for dei unge, men passer til alle som er glad i eventyr. Det vil bli 2 forestillingar: Heavykatten med og av Roald Kaldestad og To Sjantifantar med Håkon Vatle og Roald Kaldestad.
HEAVYKATTEN
Heavykatten er laga av Roald Kaldestad i samarbeid med musikarane Stig Sandbakk og Roy Ole Førland, og byggjer på figurane Heavykatten, Discodansemusa og Pinnsvinet Phillip, som Kaldestad har skrive fire bøker om. Forestillinga hadde premiere på Hamar i mai 2007, og har seinare blitt framført med stor suksess på skular i Hedmark, Buskerud, Hordaland, Rogaland og Troms. Den har også blitt spela på fleire festivalar, bl. a Litteraturfestivalen på Lillehammer 2007, Bergenfest 2008, bLest 2008, Litteratursymposiet i Odda 2010.
Vi er i øvingsrommet til eit band som ønskjer å spela tøff heavy-musikk. Dei lagar låtar sjølv, og bassisten og den eine gitaristen er i gong med øvinga når elevane kjem. Men det er ikkje enkelt å spela tøff musikk når dei ikkje har ein som kan spela på det flotte trommesettet. Det blir ikkje enklare av at den andre gitaristen har heilt andre ting enn bandet og øvinga i hovudet når han endeleg dukkar opp. Dette er rammeforteljinga i denne produksjonen, som både skal gje ei musikalsk og ei litterær oppleving. Kva skjer i forfattaren sitt hovud når det dukkar opp merkelege og underlege figurar? I øvingslokalet blir ikkje historiene om Heavykatten fortalt, men vi får vera med inn i hovudet til forfattaren når fantasien er i arbeid!
TO SJANTIFANTER PÅ TOKT:
To Sjantifanter på tokt er ein konsert av og med Håkon Vatle og Roald Kaldestad. Begge er mest kjent som medlemmer i piratpønke koret Storm Weather Shanty Choir frå Stord. Konserten vil omhandle ein inkluderande konsert om sjøens sanger og ramsalte historiar knytt opp mot denne songtradisjonen, og publikum får eit innblikk i livet til sjøs om bord på seglskutene i gamle dagar. Håkon og Roald har sidan 2006 gjort fleire turnear med denne konserten på ungdomsskular i Rogaland i regi av både Rikskonsertane og Den Kulturelle Skulesekken